Oppgave #18: Eigentleg og innerst inne

Kva tenker eg på akkurat no—eigentleg og innerst inne?

Dette spørsmålet stod eg tilfeldigvis og reflekterte litt halvvegs over her om dagen.

“Her om dagen” var nærmare bestemt onsdag 11. november 2009, klokka 11:07, i møterom K1b, på nedste plan av K-delen av Telenor sitt hovudkvarter på Fornebu.

Møterom K1b er eit heilt typisk Telenor-møterom med SmartBoard™ og 10-12 sitteplassar rundt eit ovalt forma bord. Sjølv stod eg på den eine langsida og kika ut på ein småtrist parkeringsplass på søraustsida av bygget. Véret var grått, med nokre partiklar i lufta som kunne minne om snø.

Så kva tenkte eg på der eg stod—eigentleg og innerst inne?

Eg veit iallefall kva eg prøvde å visualisere for det indre auget mitt.

Eg prøvde å sjå for meg det eg vanlegvis tenker på litt før midtveis når eg gjer avspenning (det punktet der dansken med den hypnotisk messande stemma ber deg om å bestemme deg for noko som snart skal bli verkelegheit).

Eg prøvde å sjå for meg at eg var ute i snøen og herja, leika og bygde snøhuler med gutta mine.

Gutta mine er henhaldsvis 1, 5 og 7 år gamle, og det å herje i snøen og bygge snøhuler er det aller kjekkaste dei (og eg) veit om. Det, pluss å bygge UFOar.

Men akkurat i dag var ikkje bilda frå snøleiken og UFO-bygginga like lette å lokke fram som dei plar vere. Bilda var der nesten, men kom aldri heilt i fokus.

Kanskje var det fordi partiklane i lufta over parkeringsplassen slett ikkje var heilt snø likevel, men heller kanskje tung luftfuktigheit eller svevestøv-partiklar eller rett og slett innbilning.

Kanskje hadde eg litt for mange lause tanketrådar i hovudet om informasjonsstrukturar, fasettar, metadata, kjernesider, innhaldsstrategi, vinklingar og korridorpolitikk. (Eg har nemlig eit lønleg håp om at i dette prosjektet skal eg endeleg få til noko bra i Telenor-systemet. Slagplanen er å tvangsslanke nettstaden og meir eller mindre eigenhendig blodtrimme kvar einaste kjerneside. Og det ser ut som det faktisk kanskje kan fungere.)

Muligens var det fordi det nærma seg lunsjtid; det hadde så smått kome antydningar til litt romling i tarmsystemet mitt. Ein dagleg utfordring som hjerna var i ferd med å innstille seg på var å mikse salaten i kantina i K-kantina med dei proteinrike delane av dagens varmrett. Eg hadde nemlig sykla til jobb i dag, og strekninga Skullerud-Fornebu er ganske nøyaktig 2 mil, og ekstra tung med piggdekk på sykkelen, så kroppen trong nok litt ekstra påfyll, helst litt før klokka 11, og no var klokka 11:07. Pluss at eg hadde gløymt å ete frukt på formiddagen. Så nokre av hjernecellene mine surra nok rundt med slike prosaiske, proteinrelaterte tankar.

Uansett.

Årsaken til at eg stod slik og reflekterte over kva eg faktisk tenkte på, eller burde tenke på, eigentleg, innerst inne, var mannen som akkurat no stod cirka 1,5 meter framfor meg.

Andreas Øverland heiter han, og han kan tilfeldigvis å trylle med fotoapparatet sitt og eit 85mm-objektiv.

Han er også utviklar, og i sit difor til vanleg i prosjektrommet ved sidan av vårt på Fornebu. Som “arctic soul”-fotograf har han i tillegg eit pågåande prosjekt om å portrettere ein ny person kvar dag under tittelen “Portraits of the mind”.

Og i dag var det min tur. Eg hadde stilt opp frivillig, til og med ivrig, for å “vise fram sjela mi” slik dei 31 som hadde blitt portrettert frå før også hadde gjort. Eg visste at alle dei andre han hadde portrettert såg kloke, glade, skumle, snille, strenge og tankefulle ut.

Denne mannen hadde akkurat bedt meg om å “tenke på noko fint, utan at det vistes på utsida.” Difor var det eg hadde forsøkt å sjå for meg gutta mine.

Og i eit forsøk på å være tru mot prosjektets grunntanke reflekterte eg også over kva eg eigentleg tenkte, innerst inne, samtidig som eg tenkte på kordan denne tanken eigentleg ser ut på utsida.

Eg tenkte også på kordan eg skulle formulere alt dette på twitter.

Så kva tenkte eg på, eigentleg, innerst inne, der eg sto?

Eg trur det mest riktige svaret er “alt og ingenting”.

Kanskje.

Eller?

Døm sjølv:

(Foto: Andreas Øverland)

Neste oppgave er forøvrig “Sosiale bananer” og går til Jon Gunnar Wold. Til lykke!

Vist 611 ganger. Følges av 5 personer.

Kommentarer

Kult Øverland prosjekt, og bra løst! Min umiddelbare reaksjon var slik:

Synes det alltid er vanskelig å halde seg til tema når du får beskjed om å tenke på noko. Det blir lett meta-tenking. At du må tenke på å tenke, i staden for å berre tenke. Det sagt, så ser du noko sint ut på bildet.

Veit ikkje akkurat sint, men tenkte også på at eg burde sjå passeleg streng ut, sånn at bildet kunne illustrere krasse kommentar-artiklar der eg t.d. slaktar offentlege nettstader som ikkje gjer jobben sin.

Nå er klokken 12:00. Flott besvarelse og bilde. Et klikk på lenken til Andreas-fotograf avslører at han har peil på å få folk til å tenke over ting.

Du ser ut som en voksen mann! Selv om du nesten tenker på guttene dine og å leke med dem, så er du far og mann, ikke gutt lenger. Godt å se, Are. Ellers hadde du jo stått stille.

Episk portrett som helt klart fanger det at du ønsket deg et annet sted når/før det ble tatt. Flott løst oppgave, ingen tvil om det.

Annonse